Sikringsrisikoanalyse (PFSA)

Sikringsrisikoanalyse (PFSA) for hamneanlegg kan gjennomførast digitalt av ei godkjend sikringsverksemd (RSO). Sjå oversikt over godkjende RSO-ar.

Tilgangsstyring av RSO-ar ved bruk av sjølvbeteningsløysing

Berre godkjende RSO-ar kan logge seg inn i verktøy for digital sikringsrisikoanalyse. Ansvarleg, eller dei som er gitt myndigheit, gir tilgang til personar i eiga RSO-verksemd via Altinn.no.

Sjå rettleiar for korleis ein gir tilgang til RSO-rolla i Altinn.

Det er starta eit arbeid som skal sikre at ferdig sikringsrisikoanalyse ivaretar krav både iht. Forskrift om sikring av hamneanlegg (PFSA) og Forskrift om sikring av hamner (PSA). Dette vil medføre løpande endringar i verktøyet.

Kan sikringsrisikoanalysen til hamneanlegget utførast i digitalt verktøy?

Bruk rettleiar for å avklare om sikringsrisikoanalysen til hamneanlegget kan gjennomførast digitalt.

Behandling av personopplysningar

Vi ber om personopplysningar som namn, personnummer, telefonnummer, e-postadresse og adresse ved innlogging. Dette er opplysningar vi treng for å utøve offentleg myndigheit. Vårt behandlingsgrunnlag følgjer av personvernforordninga artikkel 6 bokstav nr. 1 bokstav e, jf. nr. 3 bokstav b.

Har du allereie starta ei sikringsrisikoanalyse? Du kan finne den på mi side i søknadsportalen.

Sikringsrisikoanalyse (PFSA)